Årets avløser i Vestfold

Vi gratulerer vår supre og trofaste avløser; Jan Egil Horvei med prisen som årets avløser i Vestfold 2018.

Prisen ble delt ut under høytidelig festmiddag på Høstsamling for NLT på Værnes. Avløsere og ansatte fra hele landet møttes til samling og kursdager 30. okt -1.nov, med tilhørende festmiddag og kåringer av fylkesvise avløsere.

Begrunnelse til kåringa, skrevet av Kari Lise og Bjørn på Melsom;

«Ein mann som har arbeid med dyr nesten heile sitt liv. Fyrstemann på plass, og seistemann til å reise. Aldri nei å få. Er det att fleire timar i døgnet så kjem han. Med ungane i bilen, for å hente delar eller kalvegodt. Er det ei av dei gamle kyrne som skal på slaktebilen så kjem han for å sjå ho ei seiste gong. Er me i gang med fyrsteslåtten så kjem han for å sjå om detta blir bra. Fleire av dei han har arbeid for er blitt nære venner av han. Ein mann det er vanskelegt å få til å ta ferie. Om han tek ferie, så er det gjerne for å mjølke ei veke for ein kompis så kompisen får fri. Treng me noken til å kjøyre hengar under halmberging eller tresking så er Jan Egil på pletten. Aldri hastverk med dyra. Er ein kalv litt forsiktig, eller det er ei kyr som treng litt ekstra tid, så ser Jan Egil det. Og då får dyra ekstra tid.

Jan Egil er observant overfor både folk og fè, og han set dei framom seg sjølv. Kan virke brysk, men har enormt stor omsorg for alle rundt seg. Løysningsorientera og kunnskapsrik. Har Jan Egil stellet/-a fiksar han det meste. Om han ringar er det ikkje for småting, eller større ting. Ringar han er det krise.

Jan Egil har vore fast hos oss i åtte år. Me forpaktar eit mjølkebruk på 15.året. Han har vore med på nedturar og oppturar. Bygging av nytt fjos med mjølkerobot. Utvidelse av kjøttfèbesetninga, og avslutning av den. Ein å rådføre seg med, ein å stole på. Jan Egil har blitt den kårkallen me ikkje har. Ein ydmyk mann med respekt og omsorg for alle rundt seg.

Jan Egil har eit problem. Han sei aldri nei, dersom det ikkje er fysisk umoglegt fordi han er for langt unna eller ein av ungane blir konfirmera. Derfor må me som oppdragsgiverar passe på å ikkje be om for mykje. Jan Egil er eit unikum, og me ynskjer å ha han i arbeid så lenge som råd er.

Han likar ikkje å stikke seg fram. Likar ikkje å bli skrytt av. Men me syns at han fortjener det. Han er ein av dei solide, kunnskapsrike, trygge, omsorgsfulle, skikkelege, arbeidsome, dyre- og menneskekjennerane som er ryggrada i norsk landbruk.»

Vestfold Landbrukstjenester SA

Landbruksvikarer - Lærlinger - Bemanning

Legg igjen en kommentar