Manglar handfri i traktoren

FORTSATT MYKJE HANDHOLDT: Bare 36 prosent av bøndene har utstyr for handfri mobilbruk montert i traktoren, viser ei ny undersøking. (Foto: Bjørn H. Stuedal)

Berre ein av tre bønder har utstyr for handfri mobilbruk montert i traktoren, viser ny undersøking. Mange droppar også å kople til funksjonen, sjølv om den er tilgjengeleg.

I ein undersøking utført av Agri analyse for Landkreditt Forsikring oppgjer 64 prosent av bøndene at dei ikkje har handsfree-utstyr i traktoren.

– Drygt to av ti svarer at slikt utstyr finns, og at det alltid eller regelmessig vert nytta. Det er langt lågare enn ønskeleg, for dette handlar i høg grad om å redusere risikoen for ulukker, seier Ane Wiig Syvertsen, administrerande direktør i Landkreditt Forsikring.

Omlag ni prosent oppgjer  at dei har handsfree montert, men bare bruker utstyret av og til. Ytterlegare seks prosent seier at det finns, men at det sjeldan eller aldri er i bruk.

– Det bør vere eit mål at alle norske bønder har tilgang til denne funksjonen, og ser verdien av å bruke den. Her ligg ein utfordring for alle fagmiljø knytt til sikkerheit i landbruket, seier Wiig Syvertsen.

Vanleg i nye traktorar

Dei siste fire – fem åra har det vore vanleg at nye traktorar vert levert med radio- og lydanlegg der tilgang til handsfree inngår som tilgjengeleg utstyr, ifølge Trond Kjempekjenn, dagleg leder i Eikmaskin AS.

Kjeda sel landbruksmaskiner gjennom nærare 50 utsal landet rundt, og er leverandør av tre traktormerker som inngår i topp fem-lista her i landet.

– Mange vel å få kopla opp handsfree når dei kjøper nytt. Det vert også eindel ettermontering, så den delen av bønder som har denne funksjonen er i vekst. Traktoren si levetid varierer i midlertid mykje, så det er vanskeleg å sei kor lang tid innfasinga vil ta, seier Kjempekjenn.

Når traktoren vert nytta på offentleg veg gjelder dei same reglane som for bil, slik at bruk av handhalde mobiltelefon ikkje er lovleg.

Mange ulykker

Traktoren er ofte involvert når bønder vert ramma av ulukker på jobb, i følge rapporten «Ulykker og arbeidsmiljø i landbruket» frå forskningsstiftelsen Bygdeforskning.

– Rapporten var basert på ei brei undersøking, og har gitt verdifull innsikt i risikofaktorane knytt til gardsdrift. Blant anna kom det fram at traktoren var i bruk ved drygt 14 prosent av ulukkene, og i 28 prosent av registrerte tilløp til slike hendingar, seier Ane Wiig Syvertsen i Landkreditt Forsikring.

Ho meiner funna synleggjer viktigheita av å konsentrere seg om køyringa når traktoren vert nytta.

– Ein handhaldt mobiltelefon vert i ein slik samanheng forstyrrande, og bør unngåast, meiner Wiig Syvertsen.

Legg igjen en kommentar