Vestfold Landbrukstjenester SA kåret til Årets lag i 2015

Under NLT sitt årsmøte ble VLT kåret til Årets lag 2015.

Styreleder Jon Herman Wold-Hansen og dalig leder Runar Wold

Styreleder Jon Herman Wold-Hansen og dalig leder Runar Wold

 

Her er pressemeldinga som ble sendt ut i etterkant av årsmøtet:

Pressemelding

 

Årsmøte for 2015 i Norske landbrukstenester (NLT) vart halde på Quality Airport Hotell på Gardermoen 5.- 6.april 2016.

 

Frå årsmeldinga går det fram at 2015 har vore eit aktivt år for NLT. Organisasjonen har vore med i ei rekkje utval og nemnder med formål å betre bonden sin kvardag. Ein har også hatt ulike møter med dei ulike politiske miljøa for å få fram våre synspunkt og meiningar.

 

Det har også i år vore god oppslutning om kursa som er halde. Vi har i 2015 hatt eit vidt spekter av tema på kursa våre. Her har det vore nyttige kurs både for tillitsvalde  og for dei tilsette i laga.

 

Det er og gledeleg å sjå at fleir og fleir lag tek i bruk Webtemp. Dette er eit komplett nettbasert forretningsystem for vikarbyrå. Det inneheld bl.a. elektronisk levering og godkjenning av timelister, massekommunikasjon ut til tilsette og kundar ein enkel måte for å nemne noko.

 

Under første dag av årsmøte fekk vi høyra  1.nestleiar i Norges Bondelag, Kristin Ianssen halde eit engasjerande innlegg. Her peika ho blant anna på viktigheita av velferdsordningane i framtida, samt breidda og kvaliteten på norsk landbruk. Ho var og innom arbeidet som vert gjort i forenklingsutvalet.

 

Vi hadde og ei markering av 25-årsjubileumet til NLT under årsmøtet. Her tok dagleg leiar , Frode Alfarnes oss med på ei reise frå 1991 og fram til i dag. Dette var eit historisk tilbakeblikk på  hendingar som har vore gjennom desse åra.

 

Under festmiddagen vart Vestfold Landbrukstjenester  heidra som Årets lag i NLT-organisasjonen.  Dette er ei markering av eit medlemslag som har utmerka seg gjennom året i høve profesjonalitet og medlemsyting. Dei er eit lag som stadig er i utvikling, har sunn og god økonomi, og blant anna har utvida drifta si ut mot gartner og grønt sektoren. Laget er og eit føregangslag for 2+2 ordninga og har auka landbruksvikarvirksomheit.  I tillegg er det eit lag som alltid deltek på samlingar i regi av NLT. Vi gratulerar og ynskjer dei lukke til med vidare arbeid.

 

Under valet vart Harald Lie attvald som styreleiar, og Bodil Mannsverk vart attvald som nestleiar. Det vart heller ingen endringar for resten av styremedlemmane, så styresamansettinga vert den same det komande året som førre år.

Vestfold Landbrukstjenester SA

Landbruksvikarer - Lærlinger - Bemanning

Legg igjen en kommentar