Råd i samband med koronavirus

Oppdatert 17.03.2020

Norske Landbrukstenester forheld seg til dei retningslinene som til ei kvar tid er gjeldande frå sentrale myndigheiter i samband med koronaviruset.

Tilsette i organisasjonen må gjere det dei kan for å unngå smitte og spreia smitte. Ta hensyn til tilsette som tilhøyrer grupper med større risiko ved smitte.
Følg råd og informasjon frå Folkehelseinstituttet.

Det er i dag ikkje påvist at smitte kan overførast frå menneske til dyr, men Veterinærinstituttet anbefaler at personar som er smitta med koronaviruset, av føre-var-hensyn, avgrensar si kontakt med matproduserande dyr.

Vi ser etter kvart at fleire medlemsmøter, samlingar med meir vert avlyst/utsett i landbruket sine organisasjonar. Bondelaget har med anna valgt å avlyse/utsette alle fysiske samlingar med meir enn 20 deltakere frem til påske. Vi vil anbefale våre medlemsforetak å utsette/avlyse alle fysiske møter som det ikkje er høgst nødvendig å gjennomføra.

NLT sitt årsmøte er utsett til 25. – 26. mai.

Bondelaget har sendt ut råd til sine medlemmer om korona-smitte, denne finner du her.
NHO sitt råd til bedrifter finner du her.

Lagt til 14.03.20
I Folkehelseinstituttet si oversikt over kritiske samfunnsfunksjonar er matforsyning ein del av det som ligger under forsyningstryggleik. Dette gjelder då heile verdikjeda og vil og gjelde oss. I første omgang så vil dette ha betydning for kommunane si plikt til å stille med bistand i samband med at barnehager og skuler er stengt. Det er ikkje laga sentrale retningslinjer for gjennomføring av dette, så dette må takast opp direkte med barnehage/skule eller kommune. Dette gjelder dersom begge foreldre eller einsleg forsørgar er tilsett i kritisk samfunnsfunksjon.

Reisande som kjeme frå land utannom Norden, no og inkludert Danmark og Island, vert sett automatisk i 14 dagars heimekarantene. Det er opna for at desse skal kunne bruka 14 dagars eigenmelding for å ikkje belasta helsevesenet. Korleis ein som arbeidsgjevar skal forhalda seg til arbeidsgjevarperioden i ulike tilfeller er noko vi ventar avklaring på.

UD sine reiseråd fraråder alle reier til utlandet, men myndigheitene kan ikkje pålegga personar om å ikkje reise. Ein bør som arbeidsgjevar vurdere å nekte tilsette å reise utanlands slik situasjonen er no.

Vi håper å få ei avklaring frå Landbruks- og matdepartementet om omsorgsløn kan gje rett til avløysartilskott ved sjukdom innan kort tid. I tillegg venter vi på svar i forhold til vår plikt til å levere landbruksvikar og eventuelle økonomiske utfordringar i landbruksvikarordninga.

I samarbeid med NLT Mat og Drikke ser vi på kva rom det er for å sjå på endringar i arbeidstid, kviletid med meir. Det er og spørsmål som må avklarast i forhold til arbeidsgjevar si styringsrett opp mot arbeidstakar si rett til å nekte arbeid som kan gå ut over liv og helse.

Lagt til 16.03.20
I “Forskrift om karantene mv. etter reiser utenfor Norden” er det i § 2. Unntak for karanteneplikt opna for at personar som er strengt nødvendige for å kunne oppretthalde forsvarleg drift i kritiske samfunnsfunksjonar kan verta unnteke for karantenplikt. Det er verksemsleiinga som avgjer kven dette er, og her bør det brukast ei streng tolkning av kven dette er. Sjå elles informasjon frå NHO Mat og Drikke.

Stortinget har bedt regjeringa om å:

  • redusere arbeidgjevarperioden til 3 dagar for betaling av sjukepengar, ved sjukdom og omsorgsløn som er relatert til koronaviruset.
  • la sjølvstendige næringsdrivande motta sjukepengar frå dag 3 og omsorgsløn frå dag 4.
  • sikre permitterte full lønn i 20 dager, avgrensa oppad til 6 G. Arbeidsgjevar må dekke dei 2 første dagane.

Samstundes oppfordrar regjeringa arbeidsgjevarar om å akseptera eigenmelding frå arbeidstaker som er i karantene for å avlaste helsevesenet.

Lagt til 17.03.20
Landbruksdirektoratet vil fortløpande informera om ulike avklaringer som gjelder avløysing ved sjukdom mv. på sine nettsider.

  • Det er fortsatt krav til om sjukemelding for å gje tilskott til avløysing ved sjukdom.
  • Det er ikkje tilskott til avløysing av jordbrukere som må ta seg av barn på grunn av stengte skuler og barnehage.

Les meir om desse sakene på direktoratet si nettside.

Innlegget vil bli oppdatert etter kvart som ny informasjon er tilgjengeleg.

Legg igjen en kommentar